Revansje
Austerriksk drama, 2008. Kven er det sin feil om livet ikkje vart som det skulle? Robert og Susanne er eit heilt vanleg par som bur i eit hus på landet. Alex og Tamara er hemmelege elskarar i Wien. Ho er prostituert, medan han spring ærend for sjefen hennar. Dei drøymer om ei anna framtid, men dei treng pengar. Alex legg ein plan, og Tamara blir med. Men Robert, som er politi, set ein brå stoppar for draumane deira. Livet blir aldri det same igjen for nokon av dei to para. Med: Johannes Krisch, Ursula Strauss, Irina Potapenko mfl. Regi: Götz Spielmann (15 år)