Game Change
Am. drama, 2011. Sarah Palin blir i 2008 lansert som John McCains visepresidentkandidat i det amerikanske presidentvalet. Eit dristig val, meint å lokke kvinnelege og uavhengige veljarar vekk frå den karismatiske og veltalande Barack Obama. Alle i apparatet rundt McCain er samde om at den populære guvernøren frå Alaska vil appellere til det amerikanske folket. I byrjinga er også folket samde, men det blir raskt klart for både valkampmedarbeidarane, media og publikum at Palin ikkje er så innsett i nasjonal og internasjonal politikk som ein kunne forvente. Kva gjekk eigentleg føre seg bak kulissane i det republikanske partiet dei turbulente dagane og vekene fram til sjølve valdagen? Med: Ed Harris, Julianne Moore, Woody Harrelson mfl. Regi: Jay Roach. (Game Change)