Cat Ballou
Amerikansk westernkomedie frå 1965. Lee Marvin fekk Oscar for dobbeltrolla han spelte som den naselause revolvermannen Tim Strawn og drukkenbolten Kid Shelleen som utfordra han. Jane Fonda spelar rolla som Cat Ballou, ei fin skulefrøken som vert lovlaus og endar opp med Kid Shelleen. Cat kjempar for at farmen ikkje skal bli overteken av jernbana og ber Kid om hjelp. Han viser seg å vere den fullaste revolvermannen i vesten. Med Lee Marvin, Jane Fonda, Michael Callan, Nat King Cole, m.fl. Regi: Elliot Silverstein. (11 år)
